Gymhjulgjengen på konkurranse i Danmark!
Laurdag 31. Oktober og Sundag 1. November var det duka for Danish Open og HyggeCup i Gymnastikkhjul, i Sønderborg heil sør på Jylland.
Ein delegasjon på 11 Gymnastar frå Norge, 6 frå Skjåk og 5 frå Rygge/Moss, hadde tatt den lange turen, og var klare for å kappast med utøvarar frå Danmark, Tyskland, Belgia, Austerrike, Sveits og Ungarn. Her møtte utøvarar i alle aldrar, og dei fleste ferdigheitsnivå.
Yngste utøvar var 8, eldste 62. Og av tidlegare meritter kan her skiltast med både tidlegare og regjerande verdsmeistarar.
Våre ungdomar gjorde det særs bra mot eigne tidlegare prestasjonar. Vi fekk kappast under streng bedømming av nokre av dei beste dommarane i verda, og kjent godt på nivået.
Det var ein godt fornøgd gjeng som snudde nasen heim sundag kveld, med mykje inspirasjon og motivasjon i sekken.

Heile den norske gjengen:
Forran fra Venstre: Ella Sofie Gjølberg, Emma Aaben, Tiril Gartland, Margit Teigen
Rekke 2: Nora Marie Moe, Freja Solgaard, Anita Solgaard
Rekke 3: Jan Skrzypkowski, Markus Skrzypkowski, Storm Østenseth Bakke, Vetle Morken Garland, Eilev Eiesar
Rekke 4: Jenny Sofien Johansen, Håvard Gartland, Silje Bjørgengen, Line Marie Haug Solgaard
Bak,: Anne Bjørg Morken Gartland, Anne Eiesar, Kirsti Morken.
Tekst og bilder: Håvard Gartland
Gymnast på hovedbilde: Margit Teigen