Skip to content
Nyhet

Utlysning arrangør ungdomstreff

Vil DIN klubb arrangere ungdomstreff for gymnastane i Møre og Romsdal?


Møre og Romsdal gymnastikk og turnkrets har eit ønske om at det blir arrangert
ungdomstreff i kretsen før sommarferien 2024. Vi ser no etter ein klubb som har lyst
og høve til å halde ei slik samling. Vi har sett av midlar i budsjettet, og ser for oss ei
samling over to dagar. Ei slik samling vil vere motiverande for ungdommen, og halde
gymnastane lenger i aktiviteten. Ein håper også at det kan skape relasjonar på tvers
av klubbar for både trenarar og utøvarar.
Vi ser etter ein klubb som har passande lokaler og som sjølv kan stå for planlegging
og gjennomføring av ungdomstreff 2024. Ein kan skape sitt eige konsept, men det er
ønske om høgt aktivitetsnivå og inkluderande sosiale aktivitetar. Det er også ønske
om å ta inn parkour som ein del av opplegget. Kretsen har midlar til å hente trenarar
frå andre kretsar dersom det skulle vere naudsynt.
Send oss ein søknad som inneheld ei skisse over aktivitet og opplegg for sosial
samling. Vi vil gjerne sjå eit utkast til budsjett, slik at vi saman kan finne ut kor mykje
pengar ein skal bruke på ei slik samling. Kretsen skal ikkje ha inntekter på
arrangementet. Det betyr at arrangerande klubb har høve til å ta inntekter frå
eventuelt kiosksal og påmeldingsavgift til seg sjølv. Vi vil først og fremst vektlegge
aktivitet og sosialt opplegg, men reiseveg kan bli vurdert dersom mange søkarar.
Vi håper at nettopp DIN klubb ønsker å arrangere ungdomstreff 2024 hos seg